Velkommen til nettsida til Kvitveis forlag


Kvitveis forlag har drive små-forleggeri i Fredrikstad sidan 1989. Vi har gitt ut rundt 30 bøker, mange av dei med lokalt tilsnitt frå Østfold. Spesielt handlar mange av utgivingane våre om språk og dialekt. I dei seinare åra har utgivingsfrekvensen vore låg, men vi har bidratt jamt til utgivinga av Østfold Mållags årbok «Aust i Vika».

Den nyaste årboka til Østfold Mållag er Aust i Vika 2018. Boka kostar kr. 100,- pluss portotillegg. Du kan tinge ho via e-post til kvitveis(a)kvitveis.no. Boka er på 87 sider. Les artiklar om den tidlege målmannen Jonas Anton Hielm (1782-1848) som budde på Jeløya, om språkgranskaren Ingeborg Hoff (1911-1993) som reiste rundt i Østfold og kartla dei tradisjonelle dialektane i fylket og om Aasmund Olavsson Vinje og Smaalenene. I tillegg er det fleire skjønnlitterære tekster og artiklar for dei som er interesserte i språk og historie i Østfold.