Månadsarki: februar 2019

Velkommen til nettsida til Kvitveis forlag


Kvitveis forlag har drive små-forleggeri i Fredrikstad sidan 1989. Vi har gitt ut rundt 30 bøker, mange av dei med lokalt tilsnitt frå Østfold. Spesielt handlar mange av utgivingane våre om språk og dialekt. I dei seinare åra har utgivingsfrekvensen vore låg, men vi bidrar til utgivinga av Østfold Mållags årbok «Aust i Vika». Full oversikt over tilgjengelege bøker finn du i menyen Bøkene våre. Her er eit par utgivingar som framleis bør interessere:

Ferdaminne Fredrikstad (2012) er ei samling av Magne Aasbrenns artiklar frå perioden 1997-2012. Tema er språk, undervisning, populærkultur og teknologi. Mange av tekstane handlar om livet som nynorskskrivande østfolding. Innhaldet går frå innlegg i rettskrivingsdebatten til ein humoristisk rapport frå leitinga etter Henrik Wergelands utstoppa hund Bella.
Stoffet er tidlegare publisert i Dag og Tid, Klassekampen, Fredrikstad Blad og andre publikasjonar.
Boka kostar kr. 98,- pluss portotillegg. Ho kan tingast via e-post til kvitveis@kvitveis.no .

Den nyaste årboka til Østfold Mållag er Aust i Vika 2020. I boka kan ein lese om utgravingane av eit vikingskip ved Jellestadhaugen og anna historisk stoff. På førsten av 1900-talet var det landsmålsmiljø fleire stader i Østfold. I denne boka ser vi nærmare på Bondeungdomslaget i Fredrikstad.
Her finst au stoff om og på lokale målføre både i Indre Østfold, Sarpsborg og på Gressvik – samtidig som lesaren òg får eit internasjonalt utsyn med ein gjennomgang av stoda for hovudmål- og sidemålundervisning i Finland.
Som alltid er det dessutan gildt å kunne presentere essay og lyrikk i boka. Du kan tinge ho via e-post til kvitveis@kvitveis.no . Pris kr. 110,-