Velkommen til nettsida til Kvitveis forlag


Kvitveis forlag har drive små-forleggeri i Fredrikstad sidan 1989. Vi har gitt ut rundt 30 bøker, mange av dei med lokalt tilsnitt frå Østfold. Spesielt handlar mange av utgivingane våre om språk og dialekt. I dei seinare åra har utgivingsfrekvensen vore låg, men vi bidrar til utgivinga av Østfold Mållags årbok «Aust i Vika». Full oversikt over tilgjengelege bøker finn du i menyen Bøkene våre. Her er eit par utgivingar som framleis bør interessere:

Ferdaminne Fredrikstad (2012) er ei samling av Magne Aasbrenns artiklar frå perioden 1997-2012. Tema er språk, undervisning, populærkultur og teknologi. Mange av tekstane handlar om livet som nynorskskrivande østfolding. Innhaldet går frå innlegg i rettskrivingsdebatten til ein humoristisk rapport frå leitinga etter Henrik Wergelands utstoppa hund Bella.
Stoffet er tidlegare publisert i Dag og Tid, Klassekampen, Fredrikstad Blad og andre publikasjonar.
Boka kostar kr. 98,- pluss portotillegg. Ho kan tingast via e-post til kvitveis@kvitveis.no .

Den nyaste årboka til Østfold Mållag er Aust i Vika 2018. Les artiklar om den tidlege målmannen Jonas Anton Hielm (1782-1848) som budde på Jeløya, om språkgranskaren Ingeborg Hoff (1911-1993) som reiste rundt i Østfold og kartla dei tradisjonelle dialektane i fylket og om Aasmund Olavsson Vinje og Smaalenene. I tillegg inneheld årboka fleire skjønnlitterære tekster og artiklar for dei som er interesserte i språk og historie i Østfold.
Boka er på 87 sider og kostar kr. 100,- pluss portotillegg. Du kan tinge ho via e-post til kvitveis@kvitveis.no .