Velkommen til nettsida til Kvitveis forlag


Kvitveis forlag har drive små-forleggeri i Fredrikstad sidan 1989. Vi har gitt ut rundt 30 bøker, mange av dei med lokalt tilsnitt frå Østfold. Spesielt handlar mange av utgivingane våre om språk og dialekt. På 2020-talet er det ny kveik i forleggar-stova og vi har nokre spennande titlar på gang. Full oversikt over tilgjengelege bøker finn du i menyen Bøkene våre. Her er litt nytt og ny-utgitt:

Møkete kjeledressar med gutar i (2022) er ei ny samling av Øyvind Bremer Karlsens noveller frå oppvekstmiljøet hans i Askim på 50- og 60-talet. Novellene tar lesaren med til ein småby der gummivarefabrikken pregar livet på godt og vondt, og gutane prøver å finne fotfeste i spennet mellom amerikanske draumar og kvardagen i Indre Østfold. Karlsens nynorsk kling svært godt og naturleg saman med saftige dialektreplikkar frå verkstadgolvet.

109 s. Boka koster kr. 150,- pluss pakking og porto (75,-). Du kan bestille ho med ein e-post til
kvitveis@kvitveis.no .

Mormor og jeg (2021) er Marit Øgar Aasbrenns bok om mormoren sin, Olea Magnussen (1891—1970). Olea bodde på svenskegrensen hele sitt liv, først i Rømskog og så på Kornsjø. Marit var 13 år da mormor døde. Selv om det er livets gang, danner det spesielle spor i sinnet når barn mister noen som står dem nær.
Mormor og jeg er en minnebok og et tidsbilde fra forrige århundre.

105 s. Boka koster kr. 159,- pluss pakking og porto (75,-). Den kan bestilles via e-post til
kvitveis@kvitveis.no .

Slengærær og jangel (2021) er ei flunka ny samling av Magne Aasbrenns humoristiske petit-artiklar i Fredriksstad Blad frå perioden 2014—2020. Tema er blant mykje anna dialektene i Nedre Glomma og Østfold, lokal slang, forholdet til nynorsk, språkteknologi, svenskesug og Viken-sjokk.
Frå 2016 illustrerte Robin A. Olsen spaltene, og alle teikningane er med her i fargar.
270 s. Boka kostar kr. 198,- pluss pakking og porto (75,-). Ho kan tingast via e-post til
kvitveis@kvitveis.no .

Kvinner på kartet av Hild Haaheim og Elisabeth Lønnå er ei guidebok til steder i Fredrikstad som har tilknytning til kvinners historie. Så mange har spurt etter denne boka fra 2004 at nå i 2021 har Kvitveis forlag trykt opp nytt opplag i faksimile. Her kan en lese mens en vandrer på ekte eller bare i tankene gjennom Fredrikstads gater — om Katti Anker Møller, Berit Ås og alle stedene der kvinner arbeidet. Pris: 100,-
Boka kan bestilles via e-post til kvitveis@kvitveis.no .

«Liten, men viktig» , Anne-Lise Johnsen, Fredriksstad Blad

Den nyaste årboka til Østfold Mållag er Aust i Vika 2020. I boka kan ein lese om utgravingane av eit vikingskip ved Jellestadhaugen og anna historisk stoff. På førsten av 1900-talet var det landsmålsmiljø fleire stader i Østfold. I denne boka ser vi nærmare på Bondeungdomslaget i Fredrikstad.
Her finst au stoff om og på lokale målføre både i Indre Østfold, Sarpsborg og på Gressvik – samtidig som lesaren òg får eit internasjonalt utsyn med ein gjennomgang av stoda for hovudmål- og sidemålundervisning i Finland.
Som alltid er det dessutan gildt å kunne presentere essay og lyrikk i boka. Du kan tinge ho via e-post til kvitveis@kvitveis.no . Pris kr. 110,-