Bøkene våre

Sidan 1989 har Kvitveis forlag stått bak rundt 30 bokutgivingar. Ein god del av desse er utselde, men framleis er enkelte bøker frå «backlista» tilgjengelege. Prisane er som oppgitt her, men enten du tingar éi eller fleire bøker, legg vi til eit sendingsgebyr for porto og pakking på kr. 75,-

Sjølve bestillinga gjer du ved å sende ein e-post til kvitveis@kvitveis.no der du skriv inn dei bøkene du vil ha og namn og heimeadresse. Vi sender bøkene til deg med ein faktura med bankgironummeret vårt. Betalingsfrist er tre veker.

Bøker om språk

Øyvind Bremer Karlsen: Gødtære enn prim
«Det er gødtære enn prim, også så gødt som prim er!» sa guten, han hadde vore saman med ei jente for første gongen.
Å sitere på denne måten blir kalla ei herme. Denne boka har mange slike – og i tillegg finn lesaren ordspråk og talemåtar i ei stor samling av munnlege uttrykk som er vanlege i Østfold.

Paperback Pris: 98,-

Magne Aasbrenn: 250 slengerær 

«Slengerær» var ei dialekt- og språkspalte som gjekk i Fredriksstad Blad frå 2004 til 2016. I denne boka har forfattar Magne Aasbrenn samla 250 slike spalter.
“Aasbrenn er en meget dyktig skribent og formidler. Petitartiklene er skrevet med pedagogisk teft og et solid glimt i øyet. Det finnes knapt et språkfenomen Aasbrenn ikke klarer å forklare på den enkleste og mest lettfattelige måte.”
Anders Holstad Lilleng i Demokraten

Paperback Pris: 98,-

Magne Aasbrenn: Ferdaminne Fredrikstad

Ferdaminne Fredrikstad er ei samling av Magne Aasbrenns artiklar frå perioden 1997-2012. Tema er språk, undervisning, populærkultur og teknologi. Mange av tekstane handlar om livet som nynorskskrivande østfolding. Innhaldet går frå innlegg i rettskrivingsdebatten til ein humoristisk rapport frå leitinga etter Henrik Wergelands utstoppa hund Bella. Tidlegare publisert i Dag og Tid, Klassekampen, Fredrikstad Blad og andre publikasjonar.

Paperback Pris: 98,-

Aust i Vika 2018

Den nyaste årboka til Østfold Mållag har artiklar om den tidlege målmannen Jonas Anton Hielm (1782-1848) som budde på Jeløya, om språkgranskaren Ingeborg Hoff (1911-1993) som reiste rundt i Østfold og kartla dei tradisjonelle dialektane i fylket og om Aasmund Olavsson Vinje og Smaalenene. I tillegg er det fleire skjønnlitterære tekstar og artiklar for dei som er interesserte i språk og historie i Østfold.

Paperback Pris 100,-

Årbøker frå Østfold Mållag

Årbøkene til Østfold Mållag inneheld eit stort mangfald av artiklar om språk, historie og kultur i Østfold. Fleire av dei er framleis på lager og kan tingast. Om du er på jakt etter spesielle tema, send gjerne spørsmål til kvitveis@kvitveis.no .

Skjønnlitteratur

Kari Mørk: Jentungen
I «Jentungen» har Kari Mørk (f. 1955) skildra oppveksten sin i Spydeberg detaljrikt og poetisk. Med eit dialektprega språk tar ho tar oss tilbake til ei tid som er relativt nær, men likevel veldig fjern – i dette sjeldne nærbildet av livet på landet i Indre Østfold slik det var i 1960-åra.

Paperback Pris 98,-

Kari Mørk: Langs veiæne
I Langs veiæne er Kari Mørk på nytt tilbake i barndommens Spydeberg. Som i Jentungen fra 2013 skriver ho på dialekt og gir liv til detaljane i hverdagslivet. Det handlær om å sykle med syltestrikk på ermet for å huske hva som er ”høyre”, om skråtobakken til han bestefar og om hvite og røde nøkkeroser. Boka er ei vandring gjennom minner fra ei tid vi nesten har glømt.
”Jeg fristes til å referere flere scener fra denne boka, som jeg virkelig falt for. Til tross for sin lavmælte stil og lave dramatikk var dette en bok jeg hadde vanskelig for å legge fra meg. […}En uforbeholden anbefaling!”  Sissel M. Børke i Smaalenene
Paperback Pris: 98,-



Magne Aasbrenn: Apalvika
Roman frå bygdemiljø i Apalvika i Onsøy utanfor Fredrikstad. Hallvard drøymer om å halde garden i gang med økologisk drift, medan systera Ellen forsøker å få orden på kjærleikslivet sitt.
Denne sommaren kjem fleire på dette gardskollektivet til eit punkt der ideal møter realitetar.

Innb. Pris 98,-



Bøker for barn

Magne og Marit Aasbrenn: Rømlingar i Gamle Fredrikstad
Ein augustdag i 1832 er to rømlingar lause i Gamle Fredrikstad… Åtteåringen Johan Carsten Emil er på jakt etter den eine av rømlingane. Vi følgjer han omkring i det lille garnisonsbysamfunnet. Han er på skolen, på tivoli og i høkerbutikken. Han får til og med treffe ein farleg straffange. Boka bygger på verkelege hendingar. I eit eige kapittel blir Fredrikstads historie fortald for barn. Illustrert av John Andersen og Ola Øgar Svendsen.

Innb. pris kr. 98,-
Boka finst også i bokmålsutgåve.

Magne og Marit Aasbrenn: Karl den tolvte og Karla den trettende
Fredrikshald – våre dagers Halden – i november 1718: Karl den tolvtes hær angriper Fredriksten festning. Hovedpersonen Karla (som har tolv søsken) må flykte til Sauøya for å unngå de svenske troppene. Alle tror at byen kommer til å bli brent ned, men så skjer det noe utenkelig på Fredriksten.
Illustrert av John Andersen og Ola Øgar Svendsen.(Bokmål)

Innb. pris kr. 49,-

Magne og Marit Aasbrenn: Blodsbrødre i Borg
Historisk barnebok fra Sarpsborg. Olaves, ti år, bor i arbeiderboligen St. Olavs Vold i Sarpsborg i 1867. Sammen med kameraten Jens oppdager han byens skjulte fortid. De stikker av fra skole og arbeid for å oppleve utgravingen av Tuneskipet.
Illustrert av John Andersen og Ola Øgar Svendsen. (Bokmål)

Innb. pris kr. 49,-

Magne og Marit Aasbrenn: Gapestokken i Moss
Historisk barnebok fra Moss. Krambodsvennen Ola Mand skal settes i gapestokk foran kirken. 8 år gamle Henriette synes det er urettferdig, og gjør alt hun kan for å hindre straffen. Boka bygger på virkelige begivenheter fra 1840.
Illustrert av John Andersen og Ola Øgar Svendsen. (Bokmål)
Innb. pris kr. 49,-

Magne og Marit Aasbrenn: Håkon Håkonsson på Lillehammer
Historisk barnebok fra Lillehammer. Handlingen foregår under birkebeinernes flukt med kongsarvingen Håkon Håkonsson. I jula 1205 søkte dette følget tilflukt på en gård ved «Litli Hamarr». Boka skildrer hvordan Audun, 8 år, opplever besøket av birkebeinerne og kongssønnen.
Illustrert av John Andersen og Ola Øgar Svendsen.(Bokmål)
Innb. pris kr. 49,-