
Kvitveis forlag har drive små-forleggeri i Fredrikstad sidan 1989. Frå 2024 er produksjonen av nye bøker lagd ned, men vi leverer framleis frå rest-lageret på bestilling.
Vi har gitt ut rundt 30 bøker, mange av dei med lokalt tilsnitt frå Østfold. Spesielt handlar mange av utgivingane våre om språk og dialekt. Magne Aasbrenn tar nå desse temaa vidare i kåseriserien «Gubben i dær´n» på Radio Fredrikstad kvar veke (fredag og laurdag kl. 10:00 og måndag kl. 22:00). Du finn også kåseria hans som podkastar på Spotify.
I tillegg lever Kvitveis-vinklinga på språk og dialekt vidare på TikTok, der Magne har over 3000 følgjarar. Hopp på der!
Full oversikt over Kvitveis-bøker du framleis kan bestille, finn du i menyen Bøkene våre. Her er dei siste vi gav ut:

Møkete kjeledressar med gutar i (2022) er ei ny samling av Øyvind Bremer Karlsens noveller frå oppvekstmiljøet hans i Askim på 50- og 60-talet. Novellene tar lesaren med til ein småby der gummivarefabrikken pregar livet på godt og vondt, og gutane prøver å finne fotfeste i spennet mellom amerikanske draumar og kvardagen i Indre Østfold. Karlsens nynorsk kling svært godt og naturleg saman med saftige dialektreplikkar frå verkstadgolvet.
109 s. Boka koster kr. 150,- pluss pakking og porto (75,-). Du kan bestille ho med ein e-post til
kvitveis@kvitveis.no .

Mormor og jeg (2021) er Marit Øgar Aasbrenns bok om mormoren sin, Olea Magnussen (1891—1970). Olea bodde på svenskegrensen hele sitt liv, først i Rømskog og så på Kornsjø. Marit var 13 år da mormor døde. Selv om det er livets gang, danner det spesielle spor i sinnet når barn mister noen som står dem nær.
Mormor og jeg er en minnebok og et tidsbilde fra forrige århundre.
105 s. Boka koster kr. 159,- pluss pakking og porto (75,-). Den kan bestilles via e-post til
kvitveis@kvitveis.no .

Slengærær og jangel (2021) er ei flunka ny samling av Magne Aasbrenns humoristiske petit-artiklar i Fredriksstad Blad frå perioden 2014—2020. Tema er blant mykje anna dialektene i Nedre Glomma og Østfold, lokal slang, forholdet til nynorsk, språkteknologi, svenskesug og Viken-sjokk.
Frå 2016 illustrerte Robin A. Olsen spaltene, og alle teikningane er med her i fargar.
270 s. Boka kostar kr. 198,- pluss pakking og porto (75,-). Ho kan tingast via e-post til
kvitveis@kvitveis.no .

Kvinner på kartet av Hild Haaheim og Elisabeth Lønnå er ei guidebok til steder i Fredrikstad som har tilknytning til kvinners historie. Så mange har spurt etter denne boka fra 2004 at nå i 2021 har Kvitveis forlag trykt opp nytt opplag i faksimile. Her kan en lese mens en vandrer på ekte eller bare i tankene gjennom Fredrikstads gater — om Katti Anker Møller, Berit Ås og alle stedene der kvinner arbeidet. Pris: 100,-
Boka kan bestilles via e-post til kvitveis@kvitveis.no .
«Liten, men viktig» , Anne-Lise Johnsen, Fredriksstad Blad

I årboka til Østfold Mållag frå 2020 kan ein lese om utgravingane av eit vikingskip ved Jellestadhaugen og anna historisk stoff. På førsten av 1900-talet var det landsmålsmiljø fleire stader i Østfold. I denne boka ser vi nærmare på Bondeungdomslaget i Fredrikstad.
Her finst au stoff om og på lokale målføre både i Indre Østfold, Sarpsborg og på Gressvik – samtidig som lesaren òg får eit internasjonalt utsyn med ein gjennomgang av stoda for hovudmål- og sidemålundervisning i Finland.
Som alltid er det dessutan gildt å kunne presentere essay og lyrikk i boka. Du kan tinge ho via e-post til kvitveis@kvitveis.no . Pris kr. 110,-
